Aktuelt frå kommunen

Halloween i biblioteket

Halloween i biblioteket - Klikk for stort bilete

Biblioteket inviterte til halloween laurdag føremiddag med god respons frå den yngre garde. 

Rundt 40 fusingar fann vegen til biblioteket på laurdag og fekk med seg ein skrekkeleg føremiddag, mange av dei kledd i flotte halloween-kostymer. Dei vart møtt av eit halloween-pynta bibliotek og ein utkledd bibliotekar. Snart var dei i gang med graskarjakta der målet var å finna dei åtte gøymde graskara på biblioteket.

Ved fullført jakt fikk dei ta noko så skummelt som sjokolade frå graskargryta og kunne gå vidare til quizen. Der viste det seg at ungane kunne sin halloween, då gjennomsnittet var sju riktige av ti spørsmål. Blant dei tre som klarte flest riktige svar trakk vi ut ein vinnar av ”Monsterboka”. Den heldige vart Andreas Lister Midtrød. Vi håper alle hadde ein fin halloween på biblioteket!  

Halloween - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30