Aktuelt frå kommunen

Gullfest for Håvard

Håvard Holmefjord Lorentzen - Klikk for stort bilete

Fusa heidrar skøytehelten Håvard Holmefjord Lorentzen på Fjord’n senter fredag 27. april kl 16.00.  Alle idrettsinteresserte fusingar er velkomne til hyllinga av Fusa og Noreg sine nye store idrettshelt.

Det blir talar, helsingar, gullkake og eit eineståande høve for idrettsgale fusingar i alle aldrar til å møta ein av Noreg sine største idrettsprofilar. Fusa har stolte tradisjonar i vinteridrett. I OL har det blitt fleire medaljar både individuelt og i stafett. Håvard Holmefjord Lorentzen er først til å ta gull individuelt.

 
«Sjølv om han korkje er født i Fusa eller busett her, har han så sterke band til Eikelandsosen og kommunen at det er naturleg for å oss å stella i stand ein liten folkefest», seier kulturleiar Erik Vangsnes. «Vi håpar at fusingane nyttar høve til å møta vår nye idrettskjendis. Han er eit flott førebilete og ambassadør for idretten. Idrettslaga blir spesielt inviterte til samkoma».
 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Fusa kommune, Fusa idrettsråd, Fjord’n senter og Håvard sin sponsor Bolaks.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30