Aktuelt frå kommunen

Gull til Håvard og Fusa!

Flagget til topps for Håvard - Klikk for stort bilete

Flagget har gått til topps i Eikelandsosen. Håvard Holmefjord Lorentzen vann OL-gull og sette ny olympisk rekord med fantastiske 34,41 på 500 meter. Dermed fører Håvard vidare stolte fusiske tradisjonar i olympiske leikar. Heile Fusa gratulerer!

Håvard representerer Fana idrettslag og er oppvaksen i Bergen, men har sterke slektsrøter i Fusa. Mora Liv Holmefjord er frå Eikelandsosen, dotter av Bolaks-gründer Trygve Holmefjord. Bolaks er også personleg sponsor for Håvard.

Idrettsentusiast ordførar Atle Kvåle er over seg av begeistring for Håvard sin prestasjon. Best i verden og det første norske gull på distansen på 70 år! Om han berre er 50% fusing, så er det meir enn nok for oss. Dette gullet deler vi gladeleg både med Bergen og heile Noreg. I dag er vi alle fusingar, seier ein entusiastisk ordførar som sender dei varmaste gratulasjonar både til Håvard, familien og det unike skøytemiljøet i Fana idrettslag.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30