Aktuelt frå kommunen

Grunnlovsfeiring med jubileumsgudsteneste i Fusa kyrkje

Søndag er det jubileumsgudsteneste i Fusa kyrkje. - Klikk for stort bileteSøndag er det jubileumsgudsteneste i Fusa kyrkje. Fusa kyrkjekontor

Fusa innleiar søndag 23. februar kl 11.00 grunnlovsfeiringa med jubileumsgudsteneste i Fusa kyrkje. At nett denne dagen og ei gudsteneste er vald, skuldast at det i desse dagar er 200 år sidan fusingar, osingar og samningar, alle frå gamle Os prestegjeld, var samla til ei spesiell gudsteneste i Os kyrkje.

Dette skjedde etter at regenten, prins Christian Fredrik, i februar 1814 påla biskopane å skipa til i ei bots- og bønegudsteneste i alle prestegjeld. Her skulle det avleggjast truskapseid til eit sjølvstendig Noreg, og etter gudstenesta skulle det haldast val på valmenn til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Kommunestyret særskild innbedne

Fusingane som tok del i denne gudstenesta i 1814, var såleis med på å leggja grunnlaget for grunnlova og for demokratiet i landet vårt. Slik er ordførar og kommunestyret særskilt innbedne til jubileumsgudstenesta, saman med soknerådet. Representantar for desse organa vil også medverka ved gudstenesta.

Hoem sine tekstar

Forfattaren Edvard Hoem har skrive eigne bøner til jubileumsgudstenesta. Ein av Bibel-tekstane er preiketeksten frå gudstenesta i 1814, medan dei andre er henta frå tekstane for søndagen, Kristi forklåringsdag. Gudstenesta vert elles prega av mykje song og musikk. Etter gudstenesta syter Fusa kyrkjeutval for jubileumskyrkjekaffi.

Dag for refleksjon

Denne dagen i kyrkja gjev høve til å reflektera over dei verdiane som er nedfelte i grunnlova, og korleis kyrkje og samfunn skal forvalta desse i dag. Dei store endringane i grunnlova vedkomande kyrkje og stat, som har kome i høve jubileet, gjev oss særskild grunn til dette. Dermed skulle det liggja til rette for både fest og ettertanke i Fusa kyrkje på søndag kl 11.00.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.02.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30