Aktuelt frå kommunen
Fotograf: AI
TV-aksjonslogo 2012 fotograf AI

Godt resultat for TV-aksjonen

Søndag 21. oktober vart TV-aksjonen til inntekt for Amnesty International sitt arbeid for menneskerettar skipa til. Det kom inn over 200 millionar kroner. Lokalt vert TV-aksjonen organisert av Fusa frivilligsentral. Fusingane synte også i år stor gjevarglede. Bøsseberarane i Fusa samla inn kr 126 031. Gunn Tove Rød i frivilligsentralen takkar alle som deltok i dette viktige dugnadsarbeidet.  

Fusa frivilligsentral organiserte bøsseberarar til rundt 60 bøsseområde i heile kommunen. Dei takkar:

  • lag og organisasjonar som villig tok ansvar for å finna bøsseberarar

  • kvar einaste bøsseberar som tok turen på søndag, borna som var med, og sjåføren bak rattet

  • Kløvertun dagsenter som gjorde bøssene klare med klistremerke og informasjon til bøsseberarane

  • Sparebanken Vest som stilte med dugnadsteam for å telja pengar


"Kommunekonkurransen"

Iflg. NRK sine nettsider gav fusingane i gjennomsnitt kr. 48,84 til TV-aksjonen. Dermed kom Fusa på 122. plass i landet. Best var Svalbard med eit snitt på kr 448,79 pr innbyggjar. Eidfjord vart best i Hordaland på 8. plass med kr 142,17.

Nabokommunane våre plasserte seg slik: Samnanger kr 41,81 - nr. 222, Os kr 32,47 - nr. 410.  


Dette går pengane til

  • Etterforska brot på menneskerettane og tilby undervisning.

  • Støtta menneskerettsforkjemparar som forsvarer ytringsfridomen.

  • Gjennomføra aksjonar for at overgriparar gir seg og blir stilt for retten.

  • Fremja rettane til kvinner og minoritetar, og motarbeida innføringa av lover som diskriminerer.

  • Gjennomføra kampanjar for at multinasjonale selskap respekterer menneskerettane.

  • Intensivera arbeidet med å avdekka valdtekter i krigsområde og jobba for at kvinner får oppreisning.

  • Reformera rettssystem i Midtausten og jobba for å få lauslate ulovleg fengsla.

Snarvegar:


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.10.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30