Aktuelt frå kommunen

Godt resultat for TV-aksjonen 2018

TV-aksjonen 2018 - Klikk for stort bilete

I Fusa kom det inn 236.739 kroner til TV-aksjonen, som i år gjekk til Kirkens bymisjon. Resultatet i Fusa gjev eit snitt på 60,39 kroner per person. Det er litt betre enn dei siste åra. Landsgjennomsnittet er 46,16 kroner per innbyggjar.

Fusingane plasserer seg godt opp på øvre halvdel av tabellen av norsk kommunar si gjevarglede. Totalt kom det inn kroner 244.533.501 i Noreg. Eit tal som er vanskeleg å fatta. Svalbard kommune kom best ut med kroner 411,94 per innbyggjar.


Du kan gå inn på nettsida til resultata for TV-aksjonen og søkja opp norske kommunar for å sjå korleis resultata vart frå nord til sør. I tala frå Fusa manglar gåva frå Fusa kommune på kroner 10.000 som er på veg. Utan desse pengane er vi rangert som 122 av 423 kommunar og som 16. beste av 33 kommunar i Hordaland. Det er eit resultat å vera stolte av.

I Fusa vart aksjonen også i år organisert av Fusa frivilligsentral. Gratulerer til  Kirkens bymisjon for vel gjennomført aksjon og takk til alle som både gav og hjalp til i Fusa.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30