Aktuelt frå kommunen

Gode tips til miljøvern i kvardagen

Portrett Mette Nygård Havre - Klikk for stort bilete

Kan single bananar gjera deg til ein medveten forbrukar? Torsdag 14. februar kl 19.00 kjem Mette Nygård Havre til Fusa folkebibliotek og snakkar om korleis vi kan bli meir miljømedvitne i kvardagen. Her kan du få gode tips til korleis vi saman kan snu trenden og kasta mindre mat.

Visste du at det kvar dag vert kasta 60 000 bananer i Norge? Berre fordi folk flest vil kjøpa ei klase med bananer og ikkje single bananer. Kvar og ein av oss kastar også i snitt 8 kg med klede og tekstilar kvart år. Mette Nygård Havre leiar folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier.

Best før, men ikkje dårleg etter

Ho har djupnekunnskap om avfall og forbruk etter å ha jobba i renovasjonsselskapet BIR AS i 14 år, og har sett seg som mål å gjera heile Norge til matreddarar. Mette har fått masse merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endraa datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikke dårlig etter». Målet er at betre informasjon ut til forbrukarane skal føra til positiv endring og reduksjon av matsvinn. 

Små og store tiltak

No kjem Mette på turne til biblioteka i Hordaland. Ho vil motivere alle til å bli meir medvetne forbrukarar. Hovudfokus i foredraget blir på matsvinn og plast, men som Mette seier:  «Vi må få økt bevissthet rundt alle avfallstypene om vi skal klare å redusere dem». Ho vil derfor vise korleis små og store tiltak i kvardagen kan føre til gode endringar. Ho vil og kome inn på det store bildet og visa korleis våre eigne handlingar kan vera viktige for det globale klima.


Aktuell med bok

Mette gjev ut boka «Matredderen» på nyåret 2019. Ho er engasjert i debattar på radio om miljø og matsvinn. Ho skriv kronikkar og har over 55 000 følgjarar i sosiale media. Ho har vunne fleire prisar for sitt miljøengasjement, mellom anna Hordaland Fylkeskommune sin miljøpris i 2018. 
 
Foredraget vil vara i om lag 45 minutt. Deretter blir det lagt opp til spørsmål/svar og samtale. Vi ser for oss at heile seansen tek om lag ein og ein halv time, alt etter engasjement etter foredraget. 

Programmet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek i Bokåret 2019. Arrangementet er ope for alle og det er gratis inngang. Arrangør er Fusa folkebibliotek.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30