Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Siv Stadaas
Alle elevane i 10. klasse ved Fusa ungdomsskule 2011/2012 på avslutningsfest fotograf Siv Stadaas

Gode eksamensresultat

Elevane som gjekk ut av 10. klasse ved Fusa ungdomsskule denne veka, kan visa til svært gode eksamensresultat. Gjennomsnittskarakteren frå munnleg eksamen vart heile 4,45. Til skriftleg eksamen var den eine klassen oppe i norsk og den andre i matematikk. Her vart snittet 3,9 i hovudmål og 3,25 både i sidemål og matematikk.

Dette karaktersnittet er svært bra i høve til nasjonalt snitt dei siste åra. I fjor var gjennomsnittskarakteren nasjonalt i matematikk skriftleg 3,0 og i norsk hovudmål skriftleg 3,5.

Ved munnleg eksamen vart elevane prøvd i ulike fag: norsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, RLE og engelsk.


Godt læringsmiljø

Gode eksamensresultat fortel om eit godt læringsmiljø for elevane. Dette er difor ei svært god tilbakemelding til personalet ved Fusa ungdomsskule.

Elevane fortener sjølvsagt den største rosen, det er dei som har levert oppgåver som har gitt gode resultat. Fusa kommune ønskjer desse flotte fusaungdommane lukke til vidare i utdanningsløpet!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30