Aktuelt frå kommunen

God påske!

Påskeliljer i ein hage. Foto - Klikk for stort bilete

Fusa kommune ønskjer innbyggjarar, gjester og andre lesarar av heimesida vår riktig god påske! For dei som har påskeferie i Fusa, er det litt av kvart å ta seg til. 

Påsken utandørs

Det er framleis snø i fjellet, og skiføre på Bygdastølen ski- og tursenter. Sjå Hålandsdal IL si heimeside for meir informasjon.

I låglandet nede ved fjorden er det vår. Nyt fjordlandskapet i påsken, anten du føretrekkjer gåtur eller båttur. Kva med å vandra Kulturstien på Vinnes? Der kan du få med deg både fornminne og påskeliljer!

Påskearrangement

I Eikelandsfjorden samfunnshus vert det skipa til kunstmarknad 28.-31. mars. "Herfra & Derfra" er tittelen på salsutstillinga som inneheld både måleri, brukskunst og klede.

Same stad er det påskedans med musikk av plateaktuelle Håvard Skåtun med band onsdag 1. april.

I Sævareid vert det påskedans med Mad Zize på Breidablikk påskeaftan 4. april.

Påsken i kyrkja

Påsken er ei stor kyrkjeleg høgtid. I Fusa er det lagt opp til ei "påskevandring" rundt i kommunen, der ein tek i bruk alle kyrkjene. Det starta palmesøndag med familiegudsteneste i Sundvor kyrkje. Skjærtorsdag er det kveldsgudsteneste på Fusa, langfredag gudsteneste i Strandvik og så påskenatt i Hålandsdal kyrkje laurdag 4. april. Første påskedag vert feira i fusakyrkja, og andre påskedag er det friluftsgudsteneste på Bygdastølen ski- og tursenter. 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30