Aktuelt frå kommunen

God påske i Fusa

Påskestemning ved fjorden - Klikk for stort biletePåskestemning ved fjorden Erik Vangsnes  Det vert ein flott påske i vest og ikkje minst i Fusa. Det er gode skiløyper på Bygdastølen ski- og tursenter og nok snø i fjellet til fine skiturrar. For dei som ønskjer ein aktiv påske heime utanom skiløypene, er det litt av kvart å ta seg til.

Påskeaktivitetar

I Fjord'n senter kan du palmelaurdag kl 12 få med deg smakebitar frå Fusa ungdomsskule sin musikal Ragarock, og det vert same føremiddag demonstrert radiostyrte bilar. Palmesundag er det basar både på Fusa og i Sævareid. Påskeaftan er det påskedans på Breidablikk i Sævareid. Sjå Kulturkalender for fleire detaljar.

Påsken i kyrkja

Påsken er ei stor kyrkjeleg høgtid. Du finn informasjon om gudstenestene på Gudstenestelista. 2. påskedag er det friluftsgudsteneste på Bygdastølen ski- og tursenter kl 13. Om veret held seg stabilt og kaldt, vil det vera godt skiføre på Bygdastølen påska til endes, slik at du kan kombinera skitur og familiegudsteneste i det fri. 

Sjøliv?

Mange held seg helst i låglandet, men sjølivet er kaldt no om dagen. Sjøtemperaturen i Eikelandsfjorden vart målt til 0,3 grader + av isbadargjengen ved Kommunetunet før påske. Slike temperaturar fristar truleg ikkje så mange.

Fusa kommune ønskjer lesarane av heimesida ein riktig fin og solrik påske!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30