Os og Fusa hadde lokal kulturfestival for ungdom på Oseana kunst- og kultursenter 3. februar. Her var det eit stort og allsidig program. Ein jury sendte vidare eit utval av programmet til fylkesfestivalen seinare på våren og fotograf Gjøa Holmefjord var med heilt frå starten.
Etter UKM-festivalen i Hordaland 20.-22. april på Husnes, var Gjøa ein av dei unge talenta som juryen plukka ut til å vera med til landsmønstringa i Trondheim 25.-28. juni. Ho gjekk vidare med eit fotografi med tittel "Refleksjon".
I Trondheim er det omfattande program mest heile veka, frå opningsshowet måndag til avslutninga seint torsdag kveld. Her får dei 300 deltakarane presentera seg gjennom konsertar, utstillingar, filmframsyningar og teater. I tillegg er det lagt opp til ei rekkje opne aktivitetar med kulturverkstader og faglege opplegg som deltakarane kan melda seg på. Gjøa får nokre travle dagar saman med andre kreative ungdomar frå heile landet. Fusa kommune ønskjer lukke til.