Aktuelt frå kommunen

Gjer hjartestartaren synleg på kartet!

Hjartestartar-logo, utsnitt - Klikk for stort bilete Nettstaden 113.no er eit nasjonalt register over hjartestartarar. Registrering her kan vera avgjerande ved hjartestans. Veit du om ein hjartestartar som ikkje er kome med i registeret?

I Helse Bergen sitt opptaksområde er det i snitt 25 personar kvar månad som får hjartestans. Fire av desse (ca. 15 %) har fått behandling med hjartestartar av lekfolk før helsepersonell er framme på staden. Helse Bergen opplyser at tidleg bruk av hjartestartar gir betre overleving ved hjartestans utanfor sjukehus. Ved å registrera fleire hjartestartarar, kan bruken av dei bli langt betre.

Kvifor registrera hjartestartaren på 113.no?

Registrerte hjartestartarar på 113.no er synlege i AMK-sentralen sitt kartverk. Ved hjartestans kan 113-operatøren be personar på staden henta hjartestartar på spesifikk adresse. 113-operatøren rettleier innringar i hjarte-lunge-redning (HLR) og forklarar korleis hjartestartaren skal brukast. Defibrillering med hjartestartar kan gjerast samstundes med HLR. Jo fleire hjartestartarar som blir registrert, jo fleire personar kan få tidleg defibrillering ved hjartestans. Tilgang til hjartestartarar gir betre tryggleik i akutte situasjonar.

14 registrerte hjartestartarar i Fusa - veit du om fleire?

Per i dag viser 113.no sitt oversiktskart 14 hjartestartarar i Fusa, hovudsakleg fordelt på bedrifter og forsamlingshus. Desse er registrerte:

  • Lift Up AS, Eikelandsheiane
  • Fusa gjenvinningsstasjon, Eikelandsheiane
  • Fusa Mekaniske Industri AS, Svananeset 40, Eikelandsosen
  • Fjord'n Senter, Leiro 25, Eikelandsosen
  • AS Bolaks, Eikelandsosen
  • Hålandsdalen montessoriskule, Holdhus
  • Øvre Hålandsdal grendahus
  • Nærbutikken Sævareid
  • Dalamannskaien i Sævareid - i oppsynsbåt
  • Nordtveit gamle skule
  • Bolaks Podlen, Austefjordvegen 184, Sundfjord i Lygrepollen
  • Strandvik grendahus
  • Fusatun
  • Fusa kyrkje

Veit du om fleire? Fusa kommune oppmodar alle bedrifter, foreiningar og andre som har ein hjartestartar, om å registrera hjartestartarane sine på 113.no.

Dersom du har ansvar for ein hjartestartar som alt er registrert, sjekk gjerne på kartet at han er heilt riktig plassert, og at det er godt forklart kvar han er å finna. Spart tid kan redda liv!    

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30