Aktuelt frå kommunen

Gåve til Fusa brann og redning

Arkivfoto. - Klikk for stort bileteArkivfoto. Kjellaug Raunsgard Fusa brann og redning har fått fleire utstyrspakker i gåve frå Gjensidigestiftelsen. I samband med 200-årsmarkeringa til Gjensidige gjev dei bort ei folkegåve på 350 mill kroner til styrking av norsk brannberedskap. Fusagåva er del av dette prosjektet, som vert kalla "Det store brannløftet".

Utstyrspakker

"Fusa har fått to pakker med røykdykkarbekledning og ei grunnpakke overflateutstyr," fortel brannsjef Gunnar Hatlelid. Kvar røykdykkarpakke inneheld tre komplette sett med røykdykkarbekledning (jakke, bukse, hette og hanskar). 

Grunnpakka med overflateutstyr inneheld utstyr til redning på sjø/vatn/is. Det er utarbeidd ei standardpakke som inneheld tørrdrakter med tilbehøyr, flytevestar, hjelmar, kasteliner, flyteline, redningsstang, diverse lys, isbroddar, ispiggar, knivar og redningsbrett. 

"I tillegg følgjer det med kurs og opplæring i overflateredning," opplyser brannsjefen, som understrekar at dette er dyrt utstyr, og at Fusa brann og redning er glade og takksame for gåva.

Brannbilar

Gjennom «Det store brannløftet» finansierer Gjensidigestiftelsen konkrete prosjekt innan kompetanseheving, førebygging, forsking og utvikling, i tillegg til tildeling av materiell, heiter det på nettsida deira. 190 millionar kroner er øyremerka til innkjøp av utrykningskøyretøy, og i 2016 gjev dei bort 12 brannbilar, 24 framskotne einingar og ein dykkarbil. 

Fusa brann og redning var mellom søkjarane på utrykningskøyretøy, men nådde ikkje opp i den store konkurransen. I Hordaland får brannvernet i tre kommunar køyretøy: Kvinnherad, Øygarden og Sveio.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30