Aktuelt frå kommunen

Gasta greie som utstilling

Gasta greie - framside - Klikk for stort bilete

"Gasta greie" er hamna på utstilling - eller rettare sagt, eit utval av Anja Tveiterås sine illustrasjonar i boka, er i desse dagar å sjå på ei sommarutstilling i Kommunetunet. Salsutstillinga er i Glasgato og vil stå fram til midten av august. Du kan sjølvsagt også kjøpa den populære ordboka med ord og uttrykk frå Fusa i same slengen.

Utstillinga er open i Kommunetunet si opningstid mellom kl 09.00-14.30 måndag til fredag.

Utstillinga har vorte til i eit samarbeid med "Venelaget for Fredheim" på Vinnes. Venelaget presenterte Gasta greie-utstillinga i Kulturbedehuset Fredheim under Vinnesfestivalen i juni. Utstillinga skal tilbake til Fredheim i samband med Fredheimseminaret søndag 20. august, der språkprofessor Gunnstein Akselberg skal halda foredrag.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 03.07.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30