Aktuelt frå kommunen

Gangbru offisielt opna

Bruopning på Fusa - Klikk for stort bilete

Torsdag 23. juni vart den nye gangbrua over fv 552 på Fusa offisielt opna. Brua har kosta vel 4 millionar kroner å byggja. Byggherre har vore Fusa kommune.

Det var møtt fram mange, både frå nærmiljøet og ikkje minst Trollskogen barnehage, ved den offisielle opninga torsdag ettermiddag. Barnehageborna song og tilslutt vart det kaffi og is til dei frammøtte. Før ein kom så langt var det, som i alle samferdsleprosjekt, først talar og snorklypping.

Ei etterlengta gangbru

Det har vore eit stort engasjement frå nærmiljøet for å få på pass ei trafikksikker kryssing av fylkesvegen på dette trafikkbelasta punktet. Sølvi Fagertveit snakka på vegner av oppsitjararne i Opsalmarka og uttrykte stor glede over at brua er på plass, men samtidig gav ho til kjenne at prosjektet har vore ein tålmodsprøve. For hennar del byrja saka i småbarnstida på tidleg 2000-tal, no når brua er ein realitet er borna deira snart vaksne.

Brua blir opplevd å vera den kortaste vegen til og frå Opsalmarka og då blir ho brukt, poengterte Fagertveit.
 

Den beste investeringa

Ordførar Atle Kvåle var også glad for at prosjektet var på plass. Han  sa at trafikksikringstiltak som dette er av dei beste investeringane vi som samfunn kan gjera. Vi kan aldri bruka for mykje pengar på gang- og sykkelvegar, sa Kvåle.

Han ba om orsaking for at det hadde teke lang tid å realisera brua. Slike prosessar tek gjerne lang tid og Kvåle sa at ein ofte må ha eit generasjonsperspektiv på engasjementet i slike saker. Kjem det ikkje dine eigne barn til gode, så vil det i det minste gleda barnebarna, sa Kvåle, som fekk æra av å klyppa den raude snora til stor bravur, før ein kunne finna fram is og kaffi til dei mange frammøtte.

Gangbru | Fotograf: Erik Vangsnes Opning av gangbru | Fotograf: Erik Vangsnes Snorklypping på ny gangbru | Fotograf: Erik Vangsnes Vegopning på Fusa | Fotograf: Erik Vangsnes Snorklypping på Fusa | Fotograf: Erik Vangsnes Gangbruopning | Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30