Aktuelt frå kommunen

Fylkesmønstring i UKM

Legal words på UKM - Klikk for stort bileteLegal words på UKM Erik Vangsnes

 

Det vert skipa til Ungdommens kulturmønstring for heile Hordaland i Oseana kunst- og kultursenter laurdag 13. og søndag 14. april.

Fusa er godt representert i programmet. Fusa kommune ønskjer lukke til!

Mønstringa opnar laurdag kl 11.00. Eit av dei første innslaga er Strandvik film og Sverre Kvamme. I følge programmet vert filmen til Sverre synt kl 11.10.

Rockebandet Legal words skal i aksjon laurdag kveld. Bandavdelinga tek til kl 18.00. Legal words består av Dag Tore Markhus, Even Bakke, Helene Riise, Joachim Brekke Tveit og Runar Hamre Sandvik.

Dei andre fusingane deltek i avdelinga for klassisk, pop og folkemusikk søndagen frå klokka 11.00. Her er det i alt 37 ulike innslag frå heile fylket. Fusingane du får høyra er Hanna Øygard på piano med klassisk musikk, Elen Ekeberg Klippen på hardingfele og folkemusikk, Idar Rolland på piano og song og Natasja Smørholm på gitar og song, begge innanfor popsjangeren.

Det er også ungdom frå Fusa med i arrangørstaben.

Fusa kommune ønskjer alle lukke til!

Søndag ettermiddag kl 16.00 vert det kunngjort kven juryen plukkar ut til å representera Hordaland i landsmønstringa, eller UKM-festivalen, i Larvik 23.-27. juni.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30