Aktuelt frå kommunen

Fylkeskommunale tilskot til Fusa

Anleggsstart fleirbrukshall - Klikk for stort bilete

Hordaland fylkeskommune har løyvd 2 millioner kroner til bygging av fleirbukshall i Fusa. Fylkeskommunen har også løyvd kr 100.000,- til utvikling av Fusa folkebibiliotek som modellbibliotek.

Dialog sidan 2015

Fusa kommune har sidan sommaren 2015 vore i dialog med Hordaland fylkeskommune for å få eit fylkeskommunalt bidrag til bygging av idrettshall i Fusa. Den endelege avklaringa kom i budsjettet for 2017 då Hordaland fylkeskommune sette av 4 millioner kroner til kommunar som ikkje har idrettshall. Det har no kome melding om at løyvinga for 2017 er delt mellom Fusa kommune og Ulvik herad. Med løyvinga frå Hordaland fylkeskommune er ei viktig brikke på plass i finansieringa av idrettshallen som etter planen skal stå ferdig i løpet av 2018.


Modellbibliotek

Fusa kommune har i januar også fått melding om at fylkeskommunen har løyvd kr 100.000,- til utvikling av Fusa folkebibliotek. Andre kommunar som fekk pengar til sokalla modellbibiliotek var Radøy, Samnanger, Stord og Tysnes.


Pengane skal gå til å styrka bibilioteket som møteplass og kulturarena, samtidig som ein vil fornya både hyllemateriell og digitalt utstyr. Fusa vil i tillegg få konsulenthjelp frå fylkesbiblioteket til gjennomføring av prosjektet. I svarbrevet frå fylkeskommunen vart det det trekt fram det er ein styrke for prosjektet i Fusa at bibiliotek er eit tema i det pågåande arbeidet med ein kommunedelplan for kultur.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30