Aktuelt frå kommunen

Fusingane seier ja til Bjørnefjorden kommune

Revidert Bjørnefjorden kommune - Klikk for stort bilete

52 % av dei spurde i Fusa og 38 % av dei spurde i Os er positive til ein ny Bjørnefjorden kommune. Det viser resultata av meningsmålinga om samanslåing av kommunane Fusa og Os.

Målinga vart utført av Sentio Research ved telefonintervju med eit representativ utval av innbyggjarane i dei to kommunane. 

Kommunestyra i Fusa og Os skal ta stilling til ein mogleg Bjørnefjorden kommune i møte 22. juni.

Hovudfunn i meiningsmålinga

Meiningsmålinga som vart gjennomført i Fusa og Os tok føre seg fleire element, mellom anna korleis innbyggjarane ser på samanslåing til ein ny Bjørnefjorden kommune. 

Kor positive eller negative er innbyggjarane til samanslåing til ein ny kommune, oppsummert:

  • Fusa kommune: 52 % positive, 25 % negative, 22 % verken/eller og 1 % veit ikkje.
  • Os kommune: 38 % positive, 23 % negative, 37 % verken/eller og 1 % veit ikkje.

65 % av dei spurte i Fusa kommune er for samanslåing med ein eller fleire nabokommunar. 24 % ønskjer å vere ein eigen kommune som i dag. Dei under 30 år er i minst grad for samanslåing. 42 % av dei spurte i Os er for kommunesamanslåing med ein eller fleire nabokommunar. Like mange (42 %) ønskjer å vere ein eigen kommune som i dag. Dei i alderen 50-69 år er mest positive til samanslåing, medan dei under 30 år er minst positive.

Dersom dei slå seg saman med nokon, svarer 64 % av Fusa-innbyggjarane at dei vil slå seg saman med Os, 35 % med Samnanger og 29 % Tysnes. På det same spørsmålet svarer 70 % i Os at dei vel Fusa. 27 % vel Tysnes, 17 % Samnanger, 10 % Bergen og 4 % Austevoll.

I Fusa svarer 51 % at samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei. Aldersgruppa 50-69 i størst grad, dei yngste i minst grad. 25 % av osingane meiner ei eventuell samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei som innbyggjarar, dei yngste synest dette er minst viktig.

52 % av dei spurde fusingane er positive til at dei to kommunane slår seg saman. 38 % av dei spurte osingane svarer det same.

​Innbyggjarane i Fusa meiner først og fremst at innbyggjarmedverknaden vil bli dårlegare i ein ny, stor kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur byggesaksbehandling, helsetenester, eldreomsorg, politisk styring, barnehagetilbod og skule/SFO vil bli betre løyst i ein ny, samanslått kommune.

Innbyggjarane i Os meiner òg innbyggjramedverknaden vil bli dårlegare i ein ny kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur barnehagetilbodet vil bli betre, elles meiner dei sentrale oppgåver vil bli løyste omtrent like godt i ein samanslått kommune.

I Fusa svarer 49 % at dei trur dei vil oppleve tenestetilbodet i ein ny kommune positivt. 26 % av osingane trur dei vil oppleve det samla tenestetilbodet i ein ny kommune positivt, samanlikna med tilbodet i dag. 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 17.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30