Aktuelt frå kommunen

Fusaungdom på festspela i Bergen

10 ungdommar frå Fusa kulturskule/Fusa ungdomsskule i aksjon på scenen i Logen. - Klikk for stort bilete10 ungdommar frå Fusa kulturskule/Fusa ungdomsskule i aksjon på scenen i Logen. Are Fløisand

2. juni deltok 10 ungdommar frå Fusa kulturskule/Fusa ungdomsskule som festspelkunstnarar på "De unges Festspilldag" (DUF) i Bergen. Ideen med DUF er å synleggjera barn og unge sitt eige kulturuttrykk. Fusa stilte med bandet The New Originals.   

"De unges Festspilldag" vert arrangert av Norsk Kulturskoleråd – Hordaland i samarbeid med Festspillene i Bergen (FiB) og andre lokale kulturinstitusjonar i Bergen og Hordaland. Dette er eit årleg arrangement, og rundt 400 barn og unge frå heile Hordaland er med og opptrer på DUF. 

The New Originals

Fusagjengen spelte tre melodiar på scenen i Logen - for fullsett sal. "Dei representerte Fusa på ein veldig flott måte og hausta kjempeapplaus," fortel kulturskulerektor Are Fløisand. "Dette var The New Originals på sitt beste!"
 
The New Originals består av blåsarar, gitarar, slagverk, keyboard og to vokalistar. Dei deltok òg på Ungdommens kulturmønstring si fylkesmønstring i vinter. Band-tilbodet er blitt til i samarbeid med Fusa ungdomsskule, som eit valfag med tittelen "Sal & scene". Kulturskulelærar Tommy Haltbakk har stått for undervisninga.
 

Fusa kommune gratulerer dei unge festspelkunstnarane med flott innsats!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30