Aktuelt frå kommunen

Fusanisto i nytt skuleår

Camilla Aarseth var ei av dei gode hjelpekvinnene rundt bakstebordet i eldhuset. - Klikk for stort bilete Torill Hellebø Det  nye skuleåret er godt i gang, og det er også "Fusanisto" 2013-2014. Det lokalhistoriske undervisningsopplegget for grunnskulen i Fusa starta med aktivitetsdag for alle 6. klassane i kommunen i Eidegrend klyngjetun 30. august. 7. klassingane har vore på førebuingsdag på Hålandsdalen leirskole - og meir står på programmet framover (PDF, 117 kB).

Fusaniste

Målet med "Fusanisto" er at elevane gjennom skuletida si skal verta kjende med den lokale kulturhistoria i heile kommunen - og slik få med seg ei god "fusaniste" når dei er ferdige med skulegangen.

Leirskule

Fusaelevane skal ha si leirskuleveke i Hålandsdalen 23.-27. september. Det vert ei veke full av opplevingar og med rikt innhald både av lokal kulturhistorie, natur og friluftsliv.

Fornminnedagar

I neste veke er det klart for fornminnedagar med instruktørar frå Hordamuseet. 18. september skal alle 4. klassingane samlast i Samnøy. Tida frå steinalder til bronsealder er i fokus, og elevane får delta på mange spennande aktivitetar frå farne tider.

19. september reiser alle 5. klassingane til Strandvik og tilbake til perioden frå jarnalder til vikingtid. Også denne dagen står varierte, tidstypiske aktivitetar på programmet.

Baking, byggeskikk og bygdesenter

På aktivitetsdagen i Eidegrend klyngjetun fekk lydhøyre 6. klassingar læra litt om korleis Eide har endra seg frå lita grend til kommunesenter og tilbake til lita grend i løpet av ein 75-årsperiode. Dei fekk sjå og høyra og oppleva korleis livet var i eit klyngjetun, og dei fekk læra om byggeskikk. Kva vart dei ymse husa brukte til? Kva er lafting, grindverk og sveitsarhus? Kor mange ulike typar skifertak finn dei i klyngjetunet?

Ein aktivitetsdag skal ikkje minst innehalda aktivitetar, og denne dagen fekk elevane prøva seg både på lefsebaking og modellhusbygging. Kjevling og steiking gjekk føre seg i eldhuset under kyndig rettleiing av hjelpekvinnene Norunn Rød Markhus, Camilla Aarseth og Astrid Rød. Tunverten sjølv, Margun Eide, synte rundt i husa. Kultursti frå klyngjetunet til Eidestøa er også del av programmet.

Husmenn og offiserar

Til våren står husmannsliv, dansketid og offisersgard på programmet. 24. april møtest 5. klassingane til husmannsdag i Vinnesholmen og 14. mai er det aktivitetsdag på Engevik Gaard for 6. klassingane.

To iherdige bakarar i sving med kjevlene - her skal det bli lefser! | Fotograf: Torill Hellebø Astrid Rød hjelpte dei unge lefsebakarane med steikinga. | Fotograf: Torill Hellebø Camilla Aarseth var ei av dei gode hjelpekvinnene rundt bakstebordet i eldhuset. | Fotograf: Torill Hellebø Bygningsarbeid var dugnadsarbeid i "gamledagar", og slik var det også på aktivitetsdagen i klyngjetunet. Her er det lafta stovehuset i ferd med å ta form. | Fotograf: Torill Hellebø
Elevane var delt i fire grupper - her er ei av dei klare for omvising i husa. | Fotograf: Torill Hellebø På byggeskikksgruppa fekk elevane prøva å laga eit grindverksbygg saman. Modellen er laga av Johannes Ryland. | Fotograf: Torill Hellebø Kor mange av husa som stod i klyngjetunet i 1880-åra er her framleis? Det var ei av oppgåvene elevane skulle finna ut av på aktivitetsdagen. | Fotograf: Torill Hellebø "Dugnadsgjengen" frå Fusa og Eikelandsosen oppvekstsenter har fått ferdig eit grindverksbygg og ei lafta stove. Modellane er laga av Johannes Ryland. | Fotograf: Torill Hellebø

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30