Aktuelt frå kommunen

Fusa ungdomsskule i radioquiz 9. februar

F.v. Jens Lie Vindenes, Evgenia Taranova og Håvard Bjørndal frå 10 A, B og C på Fusa ungdomsskule. - Klikk for stort bilete

I dag måndag 8.2. var NRK Hordaland på besøk på Fusa ungdomsskule for å gjera opptak til "Klassequizen". Dette er ein spørjekonkurranse på radio for 10. klassingar. Du kan høyra fusalaget i aksjon i "Hordaland i dag" på NRK P1 tysdag ettermiddag 9.2. kl 15.

Jens, Evgenia og Håvard

Laget frå Fusa ungdomsskule er sett saman av ein elev frå kvar av dei tre 10. klassane: Jens Lie Vindenes frå 10A, Evgenia Taranova frå 10B og Håvard Bjørndal frå 10C.

Landsfinale

432 ungdomsskular frå heile landet kjempar om ein plass i landsfinalen. Torsdag 17. mars er det fylkesfinale, der det vert avgjort kven som får representera Hordaland i landsfinalen. Blir det Fusa? Følg med på radio i morgon!

Meir klassequiz

Du finn meir om Klassequizen på NRK Hordaland sine nettsider.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30