Aktuelt frå kommunen

Fusa ungdomsskule 50 år

Nybygget til Fusa ungdomsskule 1964 - Klikk for stort bileteNybygget til Fusa ungdomsskule 1964 Widerøe

I år er det 50 år sidan Fusa ungdomsskule starta opp. Dette vert markert på det siste møtet til avtroppande kommunestyre i dag 15. oktober. Møtet finn stad på ungdomsskulen. 

Niårig skule

I 1958 vart det sett ned ei interkommunal nemnd for dei tre fusakommunane Strandvik, Hålandsdal og Fusa som skulle arbeida for felles realskule for heile Fusa prestegjeld. Skuledirektør Hodnesdal tilrådde i staden linedelt ungdomsskule. Tida var gått frå realskulane og den niårige skulen var på trappene.

Våren 1960 tilrådde nemnda at det vart bygd rom for linedelt ungdomsskule i Eikelandsosen. Året etter vedtok dei tre kommunestyra å innføra niårig skulegang "frå den tid det kan gjennomførast".

Tidleg ute

Det vart noko strid om skuleordninga: 6+3 eller 7+2? Skulle elevane gå seks år på skule i heimkrinsen og tre år på ungdomsskule, eller sju år heime og to på ungdomsskulen? 2. januar 1965 vart det halde krinsrøystingar om dette. Resultatet vart svært jamt: 384 røysta for 7+2 og 393 for 6+3 som skulemønster. Dermed tilrådde skulestyret innføring av 9-årig skule frå 1. juli 1965 med skulemønster 6+3. 9-årig skule vart obligatorisk her i landet i 1969. Fusa kommune var altså tidleg ute.

Tilrådinga fekk støtte frå skuledirektøren, med særordning for dei tre sørlegaste krinsane i nye Fusa kommune på grunn av vanskelege kommunikasjonar. Dei skulle ikkje byrja på ungdomsskulen før i 8. klasse, for å sleppa å starta hybellivet så tidleg. Vegen til Sundvor var ferdig i 1970, og den hausten starta skuleskyssordninga derifrå.

Ungdomsskulen skulle ha tre parallellklassar på kvart klassetrinn, men første skuleåret 1965/66 begynte fem klassar. Tilbodet om ungdomsskule gjekk nemleg både til dei som akkurat var ferdige med folkeskulen og dei som hadde gått eitt år på framhaldsskulen. Desse "overåringane" utgjorde to klassar. 

Bygget

Flyfotoet frå 2. september 1964 viser det nye skuleanlegget på Lunderviksheiane i Eikelandsosen. Første byggetrinn frå 1959 inneheldt klasserom- og naturfagbygget i framgrunnen og skulle hysa samanslåtte Eikelandsosen skule (Austestad og Helland) og framhaldsskule. Etter kvart vart spesialromsbygget t.v. bygd til, med sløydsal, handarbeidsrom, gymsal og skulekjøkken, for å kunna hysa nyskapinga Fusa ungdomsskule frå 1965.

Markering

Avtroppande ordførar Hans S. Vindenes var mellom dei første elevane på Fusa ungdomsskule. Når han i dag skal leia sitt siste kommunestyremøte, skjer det i gymsalen på ungdomsskulen. Det vert ei enkel markering av 50-årsjubileet i møtet og kommunestyremedlemene får ei omvising på skulen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30