Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Gerd Syvertsen
Polinese på sjukeheimen var del av Fusa-i-farten-aktivitetane i veke 12 fotograf Gerd Syvertsen

Fusa-tilsette i farten

Måndag 12. mars fekk alle kommunalt tilsette sjansen til å vera med på den etter kvart så vidgjetne polinesen gjennom gangane på Fusa bu- og behandlingssenter. Tilsette frå fleire einingar nytta dette høvet, og fekk med seg spasertur med Fusa-rebus og internasjonalt koldtbord attåt.

Arrangementet måndag ettermiddag var ein del av kommunen sitt folkehelseprosjekt "Fusa i farten 2012". Tilskiparrolla går på omgang, og denne gongen var det Fusa bu- og behandlingssenter som inviterte til aktivitet.

Dei frammøtte hadde ei triveleg stund, og arrangørane fekk velfortent applaus og blomar til takk.

Neste veke inviterer Nore Fusa oppvekstsenter og Fusa ungdomsskule til volleyballturnering og zumba. Følg med på Fusa i farten-snarvegen under nedremenyen "Kva skjer?" på startsida vår!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.03.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30