Aktuelt frå kommunen
Fusa sine to lag i skulemeisterskapen i volleyball 2012. | Fotograf: Fredrik Thorsen
Stolte volleyball spelarar: Bak frå venstre: Othelie, Hanne og Grethe. Framme frå venstre: Vilde, Elin, Johanne, Hilde og Elen. Liggjande: Torjus og Sebastian. Ikkje tilstades: Gjøa og Jonas fotograf Fredrik Thorsen

Fusa-suksess i skulecup i volleyball

Fusa ungdomsskule stilte med to lag i skulecupen i volleyball i Nordneshallen i Bergen fredag 4. mai. Det blei siger til mixlaget og andreplass til jentelaget. Fusa kommune gratulerer.

Fredag 4. mai dro elevar frå Fusa ungdomsskule på eiga initiativ på volleball turnering i Nordneshallen i Bergen. Med seg heim igjen hadde dei pokalar for fyste og andre plass i sine klassar.

 - Me stilte med eit mix lag som vann si gruppe og eit jentelag som kom på andreplass, men utan volleball erfaring var dei ikkje. Me har i snitt trent i seks år, sa Elin og Johanne, og tilvanleg spelar dei i 1. divisjon U16.

Ragnar rektor som er tydeleg stolt av elevane sine, ønskjer å presisera at dei hadde meldt seg på heilt på eiga hand, utan noko form for påverknad frå skulen.

Publisert av Erik Vangsnes. Første gong publisert 09.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30