Aktuelt frå kommunen

Fusa som dopingfri kommune?

Frå møte om antdoping. F.v. Liv Kilen Fusa idrettsråd, Anne-Kristin Aas Hordaland idrettskrets, folkehelsekoordinator Kristin Almås. Bak: Jan de Lange frå Antidoping Norge. - Klikk for stort bileteFrå møte om antdoping. F.v. Liv Kilen Fusa idrettsråd, Anne-Kristin Aas Hordaland idrettskrets, folkehelsekoordinator Kristin Almås. Bak: Jan de Lange frå Antidoping Norge. Erik Vangsnes

 

Det er ein myte at doping berre eit problem i toppidrettsmiljøa. Doping er ikkje berre ein tvilsam snarveg til betre idrettsprestasjonar, det er også ein uhyre farleg snarveg til for å sjå betre ut. Frå 1. juli 2013 vart all dopingbruk forbode og Norges idrettsforbund køyre no ein kampanje for å få alle idrettslag til å erklæra seg som reine idrettslag og Fusa kan bli den første idrettskommunen der alle idrettslaga sluttar seg til dette målet.

Torsdag  21. november inviterte Fusa idrettsråd og folkehelsekoordinatoren i Fusa kommune til eit informasjonsmøte om antidopingarbeid.  Det var godt oppmøte og dei fleste idrettslag i Fusa var representerte. Anne-Kristine Aas frå Hordaland idrettskrets orienterte om den pågåande kampanjen for å få reine idrettslag, og reine idrettskretsar på fylkesnivå. Hordaland er den idrettskretsen i landet med flest idrettslag, 812 i talet. Målet er at 200 av desse skal ta aktivt del i kampanjen innan utgangen av året. Då er Hordland best i landet. Framleis har ingen idrettsråd  klart å få med alle idrettslaga. Utfordringa frå Anne-Kristine Aas til Fusa var at kommunen kan bli den første i landet der alle idrettslaga sluttar seg til kampanjen.

Skremmande bilete
Vegen til å bli eit dopingfritt nærmiljø er likevel lang. Jan de Lange, Antidoping Norge gav eit skremmande bilete av kva helseproblem og personlege tragediar som følgjer med dopingmisbruk. Dopingindustrien har sitt nettverk ute i lokalsamfunnet, mykje på same vis som for langing av narkotika. Dei har noko for alle. Om du vil bli stor og sterk eller tynn som ein strek. Vil du bli brun i ein fei så er det piller for det også. I følge Jan de Lange er det veldig naivt å tru at dersom ein ikkje har toppidrett i lokalmiljøet så har ein heller ikkje problem med doping. Dette er ein storindustri med enorm omsetjing og med særs aktive og pågåande selgarar.
I følgje de Lange er dei  største i utfordringa i dag ikkje toppidretten, men dei estetiske behova hjå folk. Det er eit særleg sterkt press på dei unge. Ein vil sjå godt ut og leva opp til kroppsideala. Då kan dei unge også bli eit lett bytte for dopingindustrien.

Pille for alt
I dag lærer dei unge tidleg at det er "piller for alt". Har du eit problem er det alltid ein rask utveg. Diverre er det ikkje ein enkel pille eller vaksine mot dopingmisbruk. Skal ein lukkast i dette arbeidet må ein skapa eit mottrykk. Ein må gjera dei unge i stand til å gjera kvalifiserte val. Dei må vera trygge på seg sjølve.
Her har Antidoping Norge laga eit eige opplegg, "Rein utøvar", med nettbasert opplæring. Målet at denne opplæringa  skal verta obligatorisk for alle som skal driva aktiv idrett. Ja det er også ønskjeleg at det vert obligatorisk for dei som vil trena på eit treningssenter. Rein utøvar-kampanjen skal bidra til god og sakleg informasjon som igjen skal vera med på å gje gode haldningar. Jan de Lange viste til at 70% av dopingssakene i fotball er knytt til rus, og då narkotika ikkje alkohol. Han meinte at det må setjast ord på dette.

Sjølv om ein ikkje har eit dopingproblem må ein i fredstid vera tydeleg på at ein ikkje tolerer dopingmidlar. Det må snakkast om. Dette er kjernen i kampanjen som rettar seg mot idrettslaga. Idrettsforbundet ønskjer at alle idrettsråd og idrettslag skal ta eit verdistandpunkt og bidra til at kunnskap om dopingmisbruk kjem ut på grunnplanet.

Tålmod varer lengst
Viktigaste målgruppa er dei unge. Dei må læra å væra tolmodige og nå måla sine med rett kosthald og rett trening over tid utan å ta snarvegar. Jan de Lange kunne opplysa at det er utøvaren som sjølv må søkja fritak dersom ein brukar medisinar som er på dopinglista. Dopinglista kan ein finna på nettsidene til Antidoping Norge. Vert det ein dopingkontroll utan at dette er ordna vil utøvaren verta umiddelbart utestengt til situasjonen er avklara. Slikt er trasig for den som må ta ein ufrivillig pause.
 
Regelverk
Regelverket skal følgjast og alle må forplikta seg til å følgja det. Det beste er at alle i miljøet rundt klubben er forpliktande medlemer og slik forpliktar seg til å følgja NIF sine lover. Det bør også vera slik at ein mister gode dersom ein blir tatt. Får ein stipend eller andre godtgjersler frå klubb så skal desse bortfalla ved dopingmisbruk. Det vil normalt også skje med pengar og godtgjersler gjennom sponsoravtalar. Slik kan ei dopingssak ramma både utøvar, klubb og ein heil idrett hardt.

Dopingkontroll
Alle medlemer i eit idrettslag kan bli testa i ein dopingkontroll både heima, på trening eller i konkurranse. Kontrollar blir aldri annonsert og kan skje når som helst og kor som helst. Det er inga nedre aldersgrense.

Bevisstgjering
Av erfaring skjer det mykje dopingbruk på treningssenter. Idrettslaga bør ta eit standpunkt og berre samarbeida med treningssenter som tar antidopingarbeidet på alvor. Ein må gjera folk bevisst at kosttilskot og naturpreparat kan innehalda virkestoff som står på dopinglista, sjølv om det ikkje går fram av innhaldslista. Rådet frå de Lange er då variert kost i staden for kosttilskot. Når ein forbyr eller åtvarar mot eit kosttilskotprodukt, er det viktig å gje eit betre alternativ. Lag heller noko sjølv av sunne råvarer som ein er sikker på innhaldet av. Tipset var å prøva fruktte med honning. Det går rett i fletta!
Bruk av ernæringstilskot bør skje etter rettleiing av lege eller ernæringsekspert. Det er å gambla når ein ikkje kjenner innhaldet og klubbane vert fråråda å reklamera for kosttilskot, sa Jan de Lange.

Verdiprofil som reint idrettslag
Det er viktig at idrettslag ditt er ein tydeleg verdiformidlar for ein rein idrett. Kommuniser dette ut:
Heng opp beviset om på antidopingarbeidet på klubbhuset: vi er ein dopingfri klubb! Gjer verdiprofilen synleg gjennom program, nettsider og på arrangement, var oppmodinga frå de Lange.

Beredskapsplan
Om ei dopingssak slår ned i miljøet vil ein stå betre rusta dersom klubben har ein beredskapsplan. Tenk gjennom korleis ein skal møta ei dopingsak eller ein mistanke om doping. Sjølvsagt må ein ta det opp med vedkomande det gjeld og kommunisera nulltoleranse. Samstundes er det ein stor belastning for den som er mistenkt og kanskje er det behov for medisinsk hjelp. Det er viktig å ta vare på menneska. Det er handlinga det skal slåast ned på, ikkje personen. Likevel kan ikkje utøvar representera idrettslaget før forholdet er avklara. Idrettskretsen og Antidoping Noreg svarar gjerne på spørsmål kring dette.

Media har stor interesse i slike saker. Viktig at idretten har sine representantar til å handtera media. Då må ein ha gode køyrereglar for kven som skal uttala seg offentleg.  Klubbane kan då samarbeida med og få hjelp av særforbund, idrettskrets og Anti doping Norge.

Dopingfritt Fusa?
Idrettsrådet slutta seg til kampanjen i løpet av informasjonsmøtet. Så står det att å sjå om den øvrige idretten i Fusa registrerer seg som reine idrettslag og Fusa vert først i landet til å bli ein rein idrettskommune. Fri for dopingmisbruk er vi nok ikkje, men vi kan ta grep for å bli det.

 

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.12.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30