Aktuelt frå kommunen

Fusa skule har fått skulebibliotek

Nytt skulebibliotek - Klikk for stort bilete

Det var stor stemning i elevflokken då Fusa skule hadde høgtidleg opning av nytt skulebibliotek. Med dette har alle dei offentlege skulane i Fusa fått tenlege og oppdaterte skulebibliotek.

Fusa kommune har hatt eit eige prosjekt over fleire år med oppbygging av skulebibliotek ved dei offentlege grunnskulane. Fusa skule er sist ut, og har no fått på plass eit eige bibiliotek med automatisert utlån og ei oppgradert boksamling.

Det er biblioteksjef Martine Durban Jahr som har hatt ansvaret for å byggja opp skulebiblioteket. Skulen skal sjølv stå for dagleg utlån og drift av bibilioteket med hjelp og støtte frå folkebiblioteket.

Skal ein døma etter interessa på opningsdagen så har elevane fått eit nytt kjærkome tilbod. Rektor Synnøve Ellingsen er strålande nøgd med eit tiltak som vil inspirera til leselyst og læring.

Opning Fusa skulbibliotek.jpg Skulebibliotek | Fotograf: Martine Durban Jahr Skulebibliotek | Fotograf: Martine Durban Jahr Skulebibliotek | Fotograf: Martine Durban Jahr Skulebibliotek | Fotograf: Martine Durban Jahr
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.11.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30