Aktuelt frå kommunen

Fusa skårar godt i Kommunetesten 2019

Varemerket til Fusa kommune (GROM) - Klikk for stort bilete

Resultatet av Forbrukerrådet sin Kommunetest 2019 er nyleg kunngjort. Fusa kan gle seg over "bronseplass" i Hordaland – etter Bergen og Fjell – og er rangert som nr. 61 i landet.

Forbrukerrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpa folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester. Alle 422 kommunar i landet er testa, via telefon, e-post og nettsider.

Fusa er rangert som nr. 3 i Hordaland – etter Bergen og Fjell – og er rangert som nr. 61 i landet med 61,6 poeng. Os er rangert som nr. 11 i Hordaland og nr. 143 i landet med 56 poeng. Begge samanslåingskommunane er trygt over både fylkessnittet i Hordaland (49,6 poeng) og landssnittet (51 poeng).

Testmetode

Testen er utført frå oktober 2018 til januar 2019. Spørsmåla er stilt på telefon, på e-post og ved sjekk av kommunane sine nettsider, både på mobil og stasjonær datamaskin.

For å få eit realistisk inntrykk av korleis folk blir møtt, har testmedarbeidarane stilt spørsmål som om dei var privatpersonar. Forbrukarrådet var m.a. på jakt etter informasjon om skulefritidsordning (SFO), heimehjelp og byggesakshandsaming. 

Resultata er sett saman til eit vekta gjennomsnitt, slik at nokre spørsmål tel meir enn andre. Tekniske tenester veg tyngst (35 prosent). Pleie og omsorg tel 25 prosent, helse 7,5 prosent, barn og skule 20 prosent, og diverse informasjonstenester 12,5 prosent.

Meir informasjon?

Sjå Forbrukerrådet sine nettsider

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30