Alkoholvett i kvardagen
AV-OG-TIL er ein landsdekkande organisasjon som arbeider for godt alkoholvett i kvardagen. Målgruppa er vanlege norske brukarar av alkohol. Organisasjonen set fokus på samanhengar kor ein bør tenkja seg om før ein drikk, og arbeider for å fremja alkoholfrie soner.
For Fusa kommune inneber samarbeidet mellom anna at AV-OG-TIL sentralt bidreg med kunnskap og rådgjeving, materiell, opplegg for pressestrategi og tilrettelegging av kampanjar.
Fokusområde
Fusa kommune ønskjer å ha eit ekstra fokus på godt alkoholvett i desse sonene: I arbeidslivet, i livskriser og i samvær med born og unge. Koordinator for AV-OG-TIL i Fusa er Synne Stagrim Håve.