Aktuelt frå kommunen

Fusa nestbest i Hordaland

Dei 15 kommunane på topp i Hordaland 2013 - Klikk for stort bilete

I den endelege utgåva av Kommunebarometeret for 2013 (PDF, 537 kB) ligg Fusa kommune på 2. plass i Hordaland og som nr. 38 i landet. Barometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane.

Rangering, ikkje vurdering

Kommunebarometeret er utarbeidd av Kommunal Rapport. Målet er å gje eit oversiktleg bilete av korleis kommunen sine nøkkeltal er i forhold til resten av Kommune-Noreg. Det er viktig å understreka at Kommunebarometeret er ei rangering av kommunen sine tenester i høve til andre kommunar, ikkje ei vurdering av om tenesta er god nok eller ikkje. Rangeringa til kvar kommune vert gjort etter at det er teke omsyn til inntektsnivå.

 
Karakterar
 
Karakterfordelinga er slik: 1,0 er dårlegast, 6,0 er best. Dei 5 % med best verdi på nøkkeltalet, får karakteren 6,0. Dei 5 % med dårlegast verdi, får 1,0. Kommunar med verdi mellom 1 og 6 får karakter ut frå kor nær dei er dei beste.
 
Dei 15 kommunane på topp i Hordaland 2013 - Klikk for stort bileteDei 15 kommunane på topp i Hordaland 2013

 

Stabilt i toppen

Oversikta over plasseringa 2010-2013 viser at Fusa kommune har plassert seg stabilt i toppen av Kommunebarometeret. NB! Plasseringane for tidlegare år er korrigert for å vera mest mogleg samanliknbare med årets barometer.

Fusa si rangering på Kommunebarometeret 2010-2013 - Klikk for stort bilete

 

Også i år er nøkkeltala gode. Det er særleg tenestene pleie og omsorg, sosialhjelp og barnevern som plasserer Fusa høgt på tabellen. Her er tala gode målt mot resten av landet. Av dei sektorane som vert vurdert som viktigast i Kommunebarometeret, er det berre innan økonomi og "enhetskostnader" at kommunen verkeleg hamnar eit stykke ned på nederste halvdel.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30