Bruk Fusa midt i blinken-merket!Ta gjerne Fusa midt i blinken-merket i bruk! Vi har som mål at flest mogeleg skal nytta det nye varemerket i marknadsføring av arrangement, tenester, produkt, lag og organisasjonar o.l.
Det einaste vilkåret er at bruken ikkje er i strid med Fusa kommune sitt verdigrunnlag og etiske standard.
Logoen kan fritt lastast ned frå Fusa kommune sin designmanual under
Produkt > Fusa midt i blinken for bruk i eigen organisasjon eller verksemd, på plakatar, skriv, annonser, nettsider m.m.
Krav til bruk av merket:
- Merket kan berre nyttast saman med innhald som følgjer norsk lov
- Merket skal ikkje nyttast til kontroversielt religiøst eller politisk innhald
- Brukaren må elles følgja etiske retningslinjer for Fusa kommune
Mobilt designkontorFor eit år sidan reiste GROM-designerane rundt i Fusa i to veker i ein liten Fiat og samla inntrykk og idear. Dei besøkte både skular, barnehagar, bedrifter, privatpersonar og lag og organisasjonar. Målet var å finna fram til kva som er fusafargane og fusaformene. Resultatet kan ein sjå i Designmanualen her på heimesida.
Naturfargar og fusaformer
Fargane blå, brunsvart og grå/sølv er valde ut til å representera Fusa kommune. Dei aller fleste både barn, unge og eldre som GROM-designerane snakka med, trekte fram naturen når dei vart bedne om å skildra fargane til Fusa. Grå og sølv frå skifer og blenking i frå fjell, sjø og snø vart saman med blåfargen i sjøen og himmelen trekt fram som fargane dei aller fleste assosierer med Fusa. Blå og grå/sølv er også fargane i kommunevåpenet, som Fusa kommune har hatt sidan 1991.
Grunnformene sirkel, kvadrat og ein kvart sirkel er valde ut frå inspirasjonsformer i Fusa: m.a. skiskyttarblinken, tønneproduksjonen, skifer/takstein, åklemønster, volleyballnett og fiskeskjell.
Midt i blinken
Fusa - midt i blinken! vart vald som kombinert slagord og visjon i samband med arbeidet med ny samfunnsdel av kommuneplanen for perioden 2011-2023. Planen - og slagordet/visjonen - omfattar heile fusasamfunnet og alle som bur her. Difor er det no laga ein logo eller eit varemerke som kan brukast av alle som ønskjer å vera med og profilera Fusa.
Under arbeidet med den visuelle profilen og kommuneplanheftet stilte vi spørsmålet "Kvifor er Fusa midt i blinken for deg?". Det er opp til kvar enkelt fusing å definera kva som opplevest som midt i blinken her i Fusa. Nokre av svara vi fekk finn du i kommuneplanheftet (PDF, 2 MB) og nokre finn du t.h. på startsida vår.
Mangfald
Det nye varemerket skal romma dette mangfaldet. Motivet kan mellom anna symbolisera framdrift, virvel (som i kommunevåpenet), midt i blinken, kraft, menneske, spenstig, sprelsk. Og ein heil del anna - alt etter augo som ser.