Aktuelt frå kommunen

Fusa kommune treng støttekontaktar!

Fjording - Klikk for stort bilete GROM Kan du tenkja deg å vera med eit barn, ein ungdom eller ein annan vaksen på tur, kafébesøk, symjing, riding eller kino? Det er mange som av ymse årsaker har bruk for ein støttekontakt som kan vera med dei på fritidsaktivitetar. Fusa kommune søkjer no etter personar over 18 år som vil ta på seg slike oppdrag. Å bidra til at andre får ei meiningsfull fritid, kan gje deg ei meiningsfull fritid, understrekar sosialkonsulent Synne Stagrim Håve

Oppdraga utgjer hovudsakleg 8-12 timar i månaden, 2-3 timar i veka. Timane kan nyttast fleksibelt innan kalenderåret i samarbeid med tenestemottakar, og det er mogleg å kombinera fleire oppdrag, fortel Henriksen.

Lønna følgjer minstelønnssatsen i Hovudtariffavtalen og er for tida på kr 146 i timen.

Ta kontakt med Helse, familie og velferd v/sosialkonsulent Synne Stagrim Håve på tlf 56 58 01 78 eller e-post ssh@fusa.kommune.no dersom du ønskjer meir informasjon eller kan tenkja deg å verta støttekontakt.

Meir informasjon finn du òg på sida vår om støttekontaktordninga.
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.03.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30