Aktuelt frå kommunen

Fusa kommune lyser etter rådmann

Kommunetunet i Fusa - Klikk for stort bilete

Fusa kommune har lyst ut stillinga som rådmann. Søknadsfrist er 19. mars og søknad med CV skal sendast til rekrutteringsfirmaet Headvisor via www.headvisor.no. Sjå lysing (PDF, 290 kB).

Vi søkjer ein heilskapstenkjande og strategisk rådmann. Arbeidsforma byggjer på trepartssamarbeid, og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vil vera avgjerande for utvikling av eit godt lagspel. Søkjarar må ha erfaring frå økonomistyring i større organisasjon i næringslivet eller offentleg sektor, og god kjennskap til kommunal verksemd. Du må ha relevant høgare utdanning og gode resultat frå tidlegare leiarstilling. Vi tilbyr inspirerande utfordringar, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling.

Du er velkommen til å kontakta rådgjevararar i Headvisor, Rune M. Bruket 97138423/
Jan Tveit 97539990 eller ordførar Atle Kvåle, 91735602. Søknad med CV snarast, og innan 19. mars via stillingar på www.headvisor.no
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30