Anders Mol (21) og Christian Sørum (22) har vunne det meste som er verdt å vinna i internasjonal sandvolleyball i 2018. Dei har har også brote dei fleste barrierar det som gjeld å vinna i ung alder. Suksessen har vore eventyrleg og har rysta heile miljøet. Dei toppa det heile med å vinna verdsfinalen i Hamburg laurdag kveld i suveren stil.
Best i verda
Verdsfinalen er som uoffisielt VM i ein sesong utan VM. Dei har hatt ein kometkarriere utan sidestykke innan sandvolleyball. No har dei avslutta sesongen med å vera ranka som dei beste i verda og er eit par som seglar opp som favorittar til gull både i VM i Hamburg 2019 og OL i Tokyo 2020.
Blom til støtteapparatet
Fusa kommune gratulerer Anders Mol med ein fantastisk prestasjon i helga og ein eineståande sesong. Ordføraren kom også med ein blom til støtteapparatet, der både far Kåre Johan og mor Merita har sentrale roller.
Beachvolley Vikings
Storebror Hendrik (24) er også med i teamet Beachvolley Vikings og har betydd enormt mykje for Anders si utvikling i volleyball. Hendrik har også eigne ambisjonar når det kjem til VM og OL saman med sin makker og fetter Mathias Berntsen. Det er mykje gleda seg til i åra som kjem. Fusa kommune ønskjer lukke til i framhaldet både til Anders og Hendrik.
Idrettslag som blømer
Gratulasjonane må også gå til idrettslaget dei kjem frå. Det er flott å sjå at heile volleyballmiljøet i Strandvik IL blømer som aldri før!