Aktuelt frå kommunen

Fusa kommune endrar organisasjonskartet

Varemerke Fusa kommune - Klikk for stort bileteVaremerke Fusa kommune GROM

Målet med endringane er ei organisering som er langsiktig og som ivaretek strategisk arbeid, effektivitet og kvalitet. Fusa kommune har hatt mange og dels små einingar. Frå og med 1. januar 2014 skal talet på ”boksar” på kartet reduserast frå 18 til 8. Bakgrunnen for endringane rådmannen har vedteke er krav til innsparingar og effektivisering som følgje av den økonomiske situasjonen.

To-nivåmodell

Fusa kommune har sidan 2007 hatt ein administrativ hovudstruktur som er ein såkalla to-nivåmodell. Hovudprinsippet om to nivå vert vidareført, men med rom for delegering av ansvar og mynde til avdelingsleiarar. Hovudkriteria som rådmannen har lagt til grunn for nytt organisasjonskart, er effektivitet, kvalitet og kommunikasjon.

I prosessen som har vore gjennomført, har rådmannen fått råd om å leggja vekt på kriterium som effektive strukturar og robuste einingar, samhandling og det å vera ein lærande organisasjon.

Samfunnsutvikling

For å styrkja kommunen si viktige rolle som samfunnsutviklar og evna til å gjennomføra viktige tiltak i samfunnsdelen av kommuneplanen vert folkehelsekoordinator og ansvarsområda Kultur, Kulturskule og Byggesak, plan og oppmåling samla i same "boks" som Økonomi, service og drift. Det nye namnet er føreslått til "Samfunnsutvikling, økonomi og service". Dette ansvarsområdet skal som namnet seier, både ha overordna ansvar for samfunnsutvikling og yta fellestenester, service og støtte både til innbyggjarane og dei andre einingane.

Førebygging og folkehelse

Dei tre tidlegare ansvarsområda Barn, familie og velferd, Rehabilitering og Legetenesta vert samla i det som førebels ber namnet "Helse, familie og velferd". Det er eit mål å auka fokus på førebyggjande arbeid og helsefremjande tiltak i tråd med samhandlingsreforma.

Dei to største

Heimetenester og Fusa bu- og behandlingssenter, som er dei største einingane i kommunen i dag, held fram som eigne einingar. Begge er i gang med relativt krevjande prosessar for å tilpassa drifta til reduserte økonomiske rammer.

Undervisning og barnehage

Alle barnehagane vert samla i ei felles eining "Barnehage", medan skular og SFO vert samla i eining "Undervisning". Barnehagar og skular vert liggjande på same stader som no, men dei respektive tenestene vert altså organisatorisk lagt under ei felles leiing for kvart tenesteområde.

Einingsleiar for undervisning skal ivareta den skulefaglege kompetansen i kommuneadministrasjonen i samsvar med Opplæringslova. Tilsvarande oppgåve får den nye einingsleiaren for barnehage. Desse to skal òg ivareta kommunen sitt ansvar i høve til privat skule og barnehage. Noverande rådgjevarstilling for skule og barnehage fell bort allereie i år. Kvar skule og barnehage skal ha ein avdelingsleiar (rektor og styrar)

Landbruk og teknisk

Interkommunale Bjørnefjorden landbrukskontor held fram som eiga eining. Teknisk drift held òg fram som eiga eining, men får i tillegg Fusa brann og redning inn i eininga. Rådmannen peikar på at ein stor del av brannområdet er driftsoppgåver: Feiing, tilsyn, brannberedskap, og brannvakt omfattar i dag også teknisk vakt. No vert desse tenestene samla organisatorisk.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30