Aktuelt frå kommunen

Fusa i påsken

Påskeliljer på Vinnes - Klikk for stort bilete Påskeliljene blømer ved fjorden og påskekrimmen er på plass i Fusa folkebibliotek. Ta turen innom biblioteket og lån med deg påskelektyre for store og små. I påskeveka er biblioteket og ekspedisjonen i Kommunetunet ope klokka 9-14.30 måndag og tysdag, og klokka 9-12 onsdag. Fusa kommune ønskjer god påske!

Symjehallen i Eikelandsosen har siste opningsdag før påske fredag 12. april. Han opnar att tysdag 23. april.

Sjølvbetent bibliotek i påsken

Fusa folkebibliotek er sjølvbetent 15.-17. april i påskeveka. Lånarar kan fritt nytta lokala og låna på automaten. Biblioteket er ope for sjølvbetening:

  • måndag 08.00 – 15.00
  • tysdag 08.00 – 15.30 
  • onsdag 08.00 – 12.00

Biblioteket vert stengt laurdag 13. april, og 18.-22 april. Det er ope som vanleg frå tysdag 23. april.

Fredag 12. april vert det avslørt kven som er den skuldige i mordgåta i biblioteket. Vinnaren av påskekonkurransen vert òg trekt. Følg med på biblioteket si eiga heimeside.

Vårleg påske i Fusa

Nyt fjordlandskapet i påsken, anten du likar deg best på gåtur eller båttur. Kva med å vandra Vinnesleiro kyststi på Vinnes? Der kan du få med deg både vakre vårblomar og fuglesong. Det kan òg anbefalast å ta ein tur til fjells. Frå dei fleste toppar har du flott utsikt over fjordlandskapet. 

Fusa kommune ønskjer innbyggjarar, gjester og andre lesarar av heimesida vår riktig god påske! 
 
Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV Fotograf: EMBV
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30