Aktuelt frå kommunen

Fusa i farten

Fullt trøkk med FBBS i tautrekkinga - Klikk for stort bilete

Måndag 20. april vart "kom i form"-kampanjen i Fusa i farten sparka i gang på 5. året med kick-off arrangement ved Kommunetunet. Fusa bu- og behandlingssenter stakk av med den gjeve vandrepokalen etter hard kamp.

"Fusa i farten" er Fusa kommune sitt viktigaste arbeidsmiljøtiltak som går gjennom heile året. I perioden 20. april til 5. juni er det ein eigen "kom i form"-kampanje der alle tilsette er utfordra til å ha fokus på fysisk aktivitet. Målet er 10.000 steg eller minst ein halv time med fysisk aktivitet per dag.

Målt utifrå stemninga på opningsarrangementet er organisasjonen klar til ny innsats. Det var stor stemning og høg konkurransefaktor måndag. 5 lag stilte på og tevla i både presisjon (frisbigolf), tankekraft (kviss) og rå styrke (tautrekking). Finalen gjekk mellom barnehagegjengen og Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Med ein eminent teknikk drog FBBS sigeren i land.

Fusa i farten har si eiga side med informasjon om kampanjen og naudsynte verkty som registeringsskjema og omrekningstabell.

 

Barnehagefolket var godt førebudd til kick off | Fotograf: Erik Vangsnes FBBS syner rå styrke | Fotograf: Erik Vangsnes Frisbigolfar med stil | Fotograf: Erik Vangsnes Full konsentrasjon | Fotograf: Erik Vangsnes Fusa i farten-komiteen | Fotograf: Erik Vangsnes Janne Gjøen Gjernes på gullstol etter Fusa i farten, løfta opp av gode kollegaer Unni Kvåle (t.v.) og Gunn Merethe Gjøen (t.h.) | Fotograf: Erik Vangsnes Kick off gjengen 2015 | Fotograf: Erik Vangsnes Kviss i fjæresteinane | Fotograf: Erik Vangsnes Kvissing | Fotograf: Erik Vangsnes Skuelfolket kvissar med hund | Fotograf: Erik Vangsnes Stolte vinnarar av kick off 2015. | Fotograf: Erik Vangsnes Pokal i sølv | Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30