To vegar til støls
Det var to alternative ruter til Ådlandssetret denne dagen. Ein lengre veg stølsvegen frå Dale i sør, eller ein kortare frå parkeringsplassen ved Va via Samnanger i nord.
Dei fleste gjekk frå Dale. Det var god traktorveg det meste av strekninga og lite stigning. Hallvard Ådland var med som lokal kjentmann. Han hadde mykje å fortelja om både jakt i området og lokalhistorie.
Ådlandssetret
Ådlandssetret er ei stor oppleving i seg sjølv. Det er det største stølsmiljøet i Fusa og velhalde trass i at drifta vart lagd ned siste på 1940-talet. På setra kunne ein lesa om bakgrunnen på ei eiga informasjonstavle. Dette var støl for bruka på Ådland.
Her kunne barn og ungdom i følgje få leika seg på stølsvollen med "ball over tak". Dei vaksne fekk drøsa i stølshusveggen med ein matbete.
Søredalen og Norevegen
Til Ådlandsetret gjekk vi det Hallvard Ådland kalla Søredalen. Denne følgjer den gamle stølsvegen. Heim att til Dale gjekk vi "Norevegen" og fekk då ein rundtur. Begge rutene var godt rydda og fine turvegar. Ådlandssetret er eit godt turtips som skulle høva for dei aller fleste.
Ådlandssetret sett frå sør.
Erik Vangsnes