Aktuelt frå kommunen
Fusa i farten-avslutning 2012 | Fotograf: Fredrik Thorsen
Fusa i farten 2012 vart avslutta med sandvolleyballturnering i Strandvik 3. mai fotograf Fredrik Thorsen
Fusa i farten-tur | Fotograf: Olav Aarvik
Fusa i farten på Vetlevardhaugen 25. april 2012 fotograf Olav Aarvik
Fusa i farten-avslutning 3.5.12 | Fotograf: Fredrik Thorsen
Folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg takkar arrangørar og deltakarar for innsatsen i Fusa i farten 2012 fotograf Fredrik Thorsen

Fusa i farten avslutta

Folkehelseprosjektet Fusa i farten vart avslutta i går med sandvolleyballturnering i Strandvik. Sist veke arrangerte Eikelandsosen skule og Jettegryto barnehage tur til Vetlevardhaugen. Alle fellesarrangementa har vore flotte opplevingar for dei som har vore med.

Fem lag stilte til kamp på sandvolleyballbanane i Strandvik. Her var ei lett blanding av eingongsspelarar og "proffar", som varta opp med både mykje lått og løye og til tider godt spel. Takk til arrangørane for vel gjennomført cup, frukt og grønt og søte premiar! "Alle var samde om at det hadde vore ein kjekk dag!"


Nyt helsegevinsten

Folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg ønskjer å takka alle arrangørar og deltakarar som har sørga for flotte arrangement av ulike slag i løpet av Fusa i farten 2012!

"Det har vore aktivitetar i god folkehelseånd med sunn mat, kulturelle påfyll, hjernetrim, fysisk aktivitet, latter og sosialt samvær. Premiering og evaluering vil koma, så inntil vidare - nyt helsegevinsten!" oppsummerer folkehelsekoordinatoren.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30