Aktuelt frå kommunen

Fusa i farten 2012

Fusa kommune har bestemt seg for å dra i gang Fusa i farten igjen - denne gongen med nye vriar, men framleis med folkehelse, arbeidsmiljø og trivsel i fokus.  

Fusa islaugarlag klare for eit vinterbad i Eikelandsfjorden. | Fotograf: Erik Vangsnes
Fusa islaugarlag er alltid klare for eit bad fotograf Erik Vangsnes

Fusa i farten 2011 førte til stort engasjement rundt om på arbeidsplassane i Fusa kommune, og prosjektet fekk stor merksemd langt utover Fusa sine grenser. Fusa i farten-prosjektet var også avgjerande for at kommunen fekk Arbeidsmiljøprisen.

2012-utgåva

Fusa i farten er framleis eit helsefremjande tiltak, med fokus på auka aktivitet i prosjektperioden. I tilegg er Fusa i farten eit tiltak for å skapa engasjement, motivasjon og samhald i einingane, og i Fusa kommune totalt.

I år vert einingane utfordra til å arrangera fellesarrangement for alle kommunalt tilsette. I tillegg til fysiske aktivitetar vert det opna opp for eit vidare folkehelseperspektiv: Aktivitetane kan også ha fokus på andre faktorar som er viktige for god folkehelse og eit godt arbeidsmiljø.

Sjå meir informasjon frå prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit og folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg (PDF, 201 kB).

 
Publisert av EMBV. Sist endra 14.02.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30