Aktuelt frå kommunen

Fusa har fått ordførarkjede

Hans Vindenes og Anne Skagseth - Klikk for stort bileteHans Vindenes og Anne Skagseth Erik Vangsnes

 

I samband med kunstprosjektet "Kongedømet Fusa" fekk kunstnaren Morten Holmefjord laga ei ordførarkjede til Fusa kommune. Anhenget vart ikkje ferdig den gongen. Ved 10-årsmarkeringa for visekongedømet 21. juni kunne leiaren i Kulturlaget Fusa Sameige, Anne Skagseth, overrekkja det ferdige kjedet til ordførar Hans Vindenes 

Kunstverk

Sjølve sølvkjedet består av 18 deler eller ledd. Det er laga av elevar ved Kronstad vidaregåande skule i Bergen i 2002 etter teikningar frå Morten Holmefjord og kosta av han. I perioden med visekongedøme vart det nytta av ordførar Asbjørn Heidal og ordførar Hans Vindenes med eit mellombels anheng.

Kulturlaget Fusa Sameige sette seg som mål å få laga det endelege anhenget - kommunevåpenet til Fusa kommune - ferdig til 10-årsmarkeringa for kroninga av visekongen. Gullsmed Per Vigeland i Bergen har gjort jobben. Kommunevåpenet er i 92 % sølv og 8 % kopar. Under den høgtidssame jubileumsmarkeringa på Eide fredag vart det ferdige kunstverket overrekt ordførar Hans Vindenes.

Ordføraren kvitterte med ei takkehelsing til kulturlaget, både for det flotte kjedet og for arbeidet dei gjer for å halda arven etter visekongedømet i hevd. Han understreka at kunstprosjektet til Morten Holmefjord - som alle gode kunstverk - vert større og større etter som tida går.

Draumar og verdiar

10-årsmarkeringa var eit høve til å sjå seg attende og mimra, men det vart òg sett framover og lagt stor vekt på korleis fusingane kan føra vidare verdiar frå visekongetida. Fusa Sameige har formulert sitt eige verdisett: Folkeleg, Undrande, Samlande, Annleis. Dei oppmoda fusingane om å skriva ned sine fusadraumar og levera dei i kulturlaget si "draumekasse".

Hoffsong og jubileumshelsingar

Mykje folk var møtt fram både i Eidegrend klyngjetun og på Engevik Gaard. Der var fusaflagg, medaljar og ordenar og antrekk i raudt, gult og blått. Det var fanfare, helsingar, song av dei tidlegare hoffsongarane i mannskoret Credo, musikk av flinke felejenter frå Fusa kulturskule og multitalentet Idar Rolland. Svein Arne M. Tegland heldt jubileumstale (PDF, 698 kB) og filmen om visekongeprosjektet - "Draumen om Fusa" - vart vist. Det heile vart leia med sikker hand av Mari Raunsgard - visekongeleg konsul i Trondheim.

Performance og luker i kvardagen

Kulturformidlar og ordkunstnar Fridtjof Urdal frå Sogn og Fjordane kunstmuseum var kome heilt frå nabofylket for å vera med på jubileumsmarkeringa. Han spela ei sentral rolle under visekongen sitt eventyrlege "statsbesøk" i Sogn og Fjordane. Reisefølgjet var innom mange kommunar og alle stader vart dei mottekne med begeistring. Folk treng slike luker i kvardagen, meinte Urdal. Han konkluderte med at visekongedømet til Morten Holmefjord er den største performance som er gjennomført her i landet nokon gong.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30