Aktuelt frå kommunen

Fusa har fått assisterande rådmann

Assisterande rådmann Hege S. Samland - Klikk for stort bileteAssisterande rådmann Hege S. Samland EMBV

 

Hege Sæhle Samland er tilsett som assisterande rådmann i Fusa kommune. Ho tok til i stillinga sist veke. Samland kjem frå jobben som einingsleiar for Økonomi, service og drift. 

Hege Sæhle Samland kjem frå Øystese. Ho har utdanning frå Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole innan økonomi, administrasjon og organisasjonsvitskap.

Leiarerfaring

Samland har mange års erfaring som leiar i privat verksemd. Ho har vore avdelingsleiar i Opplysningen 1881 i Norheimsund og vart i 2009 kåra til ”Call Center Manager of the Year” – Europas beste callsenterleiar. Seinare har ho vore dagleg leiar i ISS Facility Services A/S.

1.1.2013 tok ho til i stillinga som leiar for den nyoppretta eininga Økonomi, service og drift i Fusa kommune.

Omorganisering

Den strategiske leiargruppa i Fusa kommune har tidlegare vore sett saman av rådmann og kommunalsjef. Då Øyvind Haga slutta i stillinga som kommunalsjef i sommar, vart det i staden lyst etter assisterande rådmann. Frå 1.1.2014 vert det fleire endringar i organisasjonen, då talet på einingar og ansvarsområde vert redusert frå 18 til 8.

Sjå tidlegare nyhendeartikkel om endring av organisasjonskartet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30