Aktuelt frå kommunen

Fusa feirar FN

FN flagg - Klikk for stort bilete

Laurdag 24.10. vert FN-dagen og FN sin 70-årsdag markert med internasjonal kafé i Fusa folkebibliotek. Det vert internasjonalt matbord, musikk og underhalding.

FN-dagen i 2015 er spesiell. I år er det 70 år sidan dei sameinte nasjonar vart skipa 24. oktober 1945.

Korgafest
I Fusa vert jubileet markert med ein internasjonal kafé frå kl 12-14. Det vert korgafest der alle som ønskjer kan bidra med mat og sin kultur til eit internasjonalt langbord.

Kunstutstilling
I Glasgato er det kunstutstilling med arbeid av Raul Manuel Jesus som opphavleg er frå Portugal, men som no er busett i Eikelandsosen. Det vert ei enkel markering av opninga av utstillinga kl 11. I programmet for den internasjonale kafeen vert det elles både musikk, song og dans frå fleire land.

Arrangementet er eit samarbeid mellom flyktningetenesta, frivilligsentralen og kulturavdelinga. Det er gratis inngang. Biblioteket er som vanleg ope på laurdagar i tida 10.00 til 14.00.

FN-dag plakat - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30