Aktuelt frå kommunen

Fusa er årets beredskapskommune i Hordaland 2016

Fylkesberedskapspris (Fylkesmannen i Hordaland) - Klikk for stort bilete

Fusa kommune får prisen for vel utført arbeid og som motivasjon for vidare arbeid. Kommunen har det siste året utmerkt seg med godt og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, heiter det i ei pressemelding frå Fylkemannen i Hordaland.

Fylkesberedskapssjef Arve Meidell delte ut prisen "Årets beredskapskommune i Hordaland 2016" under ei fagsamling for kommunale beredskapskontaktar på Voss 27. oktober.

Takketale frå ordførar

Ordførar Atle Kvåle tok imot prisen på vegner av Fusa kommune. I takketalen la ordføraren vekt på kor viktig det er med systematikk i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Han ville i den samanheng gjerne trekkja fram beredskapskontakten i kommunen, Ella Marie Brekke Vangsnes, som saman med brannsjef Gunnar Hatlelid har gjort ein framifrå innsats for Fusa kommune på dette området. Ordføraren trekte òg analogiar til fotballen og Nils-Arne Eggen, og hevda spøkefullt at det ikkje er nokon prestasjon å vinna - utfordringa vert å oppretthalda prestasjonen dei komande åra.

Struktur og orden

I følgje fylkesmannen har Fusa kommune utvikla ein oversiktleg struktur i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Kommunen har gjennom arbeidet med ny heilskapleg ROS hatt ein god prosess, der ein har klart å involvera mykje av organisasjonen. Kommunen synte gjennom tilsynet tidlegare i år et ein har eit samordna bilete av risikofaktorar med ein «raud tråd» frå identifisert risiko til tiltak som skal setjast i verk. Kommunen har elles vist at ein har stort fokus på samfunnstryggleik og beredskap både i handtering av hendingar og øvingar, og på utarbeiding av kommunale planar, og årlege beredskapsmøte.

Springflod

Årets pris er, som tidlegare år, eit bilete av Audun Hetland med tittelen ”Springflod”.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.10.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30