Aktuelt frå kommunen

Fusa-attraksjonar sommaren 2015

Badeliv i Vinnesholmen - Klikk for stort bileteBadeliv i Vinnesholmen

Kvifor ikkje prøva seg som turist i eigen kommune i sommar? Har du besøkt gamle Holdhus kyrkje eller Tønnegarden economuseum? Kanskje du vil oppsøkja ein av dei andre kultur- og naturattraksjonane i Fusa? Kva med ein tur på nye stiar - eller eit godt måltid? 

Det er mykje å sjå og oppleva i sommar-Fusa. Fastbuande og tilreisande kan få med seg unik kyrkjekunst i Holdhus kyrkje, sommarkonsert og rykande ferske bollar på Eikhaugen Gjestegard, kåseri og hustavleutstilling i Kulturbedehuset Fredheim på Vinnes og kystkulturdagar i Sævareid. 

  • Holdhus kyrkje og skulemuseet på Holdhus er ope for omvising 14. juli-2. august, tysdag-søndag kl 11.00-17.00. Grupper kan få omvising etter avtale. Det vert òg konsertar i gamlekyrkja i sommar
  • Eikhaugen gjestegard innbyr til konsert med Jan Eggum 13. august.
  • På tampen av sommaren vert det markering av Kystsogevekene med kystkulturdagar i Sævareid. Sjå programfaldar for kystsogevekene i Hordaland.

Fotturar i Fusa

Kva med å nytta høvet til å vandra Fusa på kryss og tvers med Fusa Turlag sitt klippekort? Det er også ein eigen kalender for fellesturar i Friluftslivets år.

Matopplevingar

Fleire serveringsstader i Fusa tilbyr matopplevingar i sommar. Har du prøvd Handelslaget i Strandvik, Engevik Gaard Restaurant eller Tønnekaféen i Eikelandsosen?

Lurar du på kva som elles skjer, eller kvar du kan få deg eit godt måltid i sommar, finn du svaret i Kulturkalenderen, i Sommaravisa 2015 og på reiselivsnettstaden visitfusa

God Fusa-sommar!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30