Aktuelt frå kommunen

Fusa-ambassadørar på kongeleg hagefest

Fusadelegasjon på kongeleg hagefest: F.v. Atle Kvåle, Ivar Hellebø, Bodil Samnøy, Gudleik Østerbø, Linda Kjosaas og Tone A. Vik. Knut Frode Eide var ikkje til stades då biletet vart teke. - Klikk for stort bilete Privat

I høve kong Harald V og dronning Sonja sitt 25-årsjubileum som kongepar, inviterte kongehuset til storslått hagefest på Gamlehaugen laurdag 25. juni. Frå Fusa stilte ordføraren med seks gjester, og to ferske fusadamer serverte syriske rettar på matstand.

 

Mangfald

Kongehuset hadde sendt invitasjon til alle ordførarane i Hordaland og bede dei om å velja ut fem-seks representantar frå sin kommune som skulle få vera med til Gamlehaugen og møta kongefamilien.

Gjestene frå Fusa var flyktningekoordinator Linda Kjosaas, leiar for Fusa frivilligsentral Bodil Samnøy, mangeårig besøksven Gudleik Østerbø, lokal eldsjel Tone Andreassen Vik, næringslivsaktør og lokal sponsor Knut Frode Eide og representant frå næringslivslaget og den største bedrifta i Fusa Ivar Hellebø

Matambassadørar

Både kongeparet og kronprinsparet var til stades på hagefesten. Dronning Sonja heldt tale, det var kunstnarlege innslag og servering av diverse kortreist mat.

To av dei nye syriske fusingane, Parwin Madi og Khadija Abdi, var med og serverte syrisk mat på hagelaget sin matstand - slik dei gjorde på fritidsmønstringa/Markens grøde-arrangementet i Eikelandsosen i fjor haust. Saman med ektemennene Marwan Rasoul og Khalil Rehane hadde dei brukt fredagskvelden på Tønnekafeen sitt kjøkken og laga smakfulle syriske rettar.

Både dronninga og kronprinsessa var innom matstanden og tok seg tid både til å prata med Parwin og Khadija og smaka på innbakt spinat og "kebbe" - ein rett laga av kjøtdeig, bulgur, løk, valnøtter, pinjekjerner og krydder. Bodil Samnøy skryter av dei to flotte fusaambassadørane: Dei tok utfordringa på strak arm og serverte både kongelege og andre gjester på profesjonelt vis. Sjølv oppsummerer Parwin og Khadija det slik: "Det var veldig kjekt!" Det var nok alle deltakarane samde i.

F.v. Atle Kvåle, Ivar Hellebø, Bodil Samnøy, Gudleik Østerbø, Linda Kjosaas og Tone A. Vik saman med kong Haakon. Knut Frode Eide var ikkje til stades då biletet vart teke. | Fotograf: Privat Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Linda Kjosaas Fotograf: Linda Kjosaas Fotograf: Linda Kjosaas Fotograf: Bodil Samnøy F.v. Linda Kjosaas, Parwin, Khadija Abdi og Bodil Samnøy. | Fotograf: Privat F.v. Khadija og Parwin frå Fusa saman med ein annan internasjonal kokk.  | Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Linda Kjosaas Fotograf: Bodil Samnøy Fotograf: Bodil Samnøy

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30