Aktuelt frå kommunen

Fullelektronisk sakshandsaming og arkiv

Arkivmedarbeidarane Heidi C. Bergesen (t.v.), Monica Vik og Magda Haugen er nøgde med overgangen til fullelektronisk arkiv. - Klikk for stort bileteArkivmedarbeidarane Heidi C. Bergesen (t.v.), Monica Vik og Magda Haugen er nøgde med overgangen til fullelektronisk arkiv.

Frå og med 10.05.2016 vert all sakshandsaming i sak/arkivsystemet til Fusa kommune gjort elektronisk. Kommunen tek i bruk eit nytt sakshandsamarsystem og eit nytt system for handsaming av saker til politiske møte.

Kva er elektronisk sakshandsaming?

"Det vil seia at all dokumentproduksjon og skriftleg kommunikasjon vert digital," forklarer arkivleiar Magda Haugen, og legg til at arkivet ikkje lenger vil arkivera dokumenta i papirformat. Unnataket vert møtebøker, avtalar som har krav til underskrift, og brev som grunna sensitive opplysningar ikkje kan sendast som e-post.

Nye system

Sakshandsamarar og arkiv tek i bruk eit nytt sakshandsamarsystem: WebSak Fokus frå Acos.

Fusa kommune tek òg i bruk eit nytt system for handsaming av saker til politiske møte og protokollføring av desse: Acos Møte.

"Det vil ta nokre veker før me er "oppe og går" og i full drift med dei nye systema," understrekar arkivleiaren og ber om tolmod når det gjeld all dokumentproduksjon i denne innføringsfasen.

Innsyn

"Gjennom innsynsløysinga her på nettsida vår kan publikum finna postliste over dokument som er journalførte i den nye basen. Eldre dokument vil ikkje koma opp på innsynslista. Det vil difor ta noko tid før det går an å søkja etter saker," forklarer Magda Haugen. Ho legg til at det er høve til å bestilla dokument hjå arkivet, slik som før.

Politiske møtedokument vil verta publiserte i fulltekst.

På eit seinare tidspunkt vil Fusa kommune òg ta i bruk ei sikker digital løysing for distribusjon av post til innbyggjarar i kommunen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30