Aktuelt frå kommunen

Full pakke i Fjorden arena

Full konsentrasjon på spelarane frå volleyballgruppa til Strandvik IL. - Klikk for stort bilete Tenk deg dette scenarioet: Søster spelar playstation, bror gitar, mamma bingo og pappa og onkel airhockey. Dei møtest i kantina og tek ein matbit før heimreisa. No vert dette mogleg i Fjorden arena. Ta med heile familien på første kveld med "Full pakke" tysdag 24. september klokka 18. Tilbodet er for ungdomsskulealder og oppover. Velkommen!

"Full pakke" - kva er det?

Det bestemmer den som kjem på startkvelden for "Full pakke" tysdag 24. september. Då får du høyra om dei unike moglegheitene hallen byr på. Du får sjå på aktuelle rom og du får litt forfriskningar. 

Og viktigast av alt: Du får koma med tips til aktivitetar. Kva har du lyst til å gjera i Fjorden arena? Den som ønskjer bestemmer!

Fjorden arena vil satsa på varierte aktivitetar for aldersgruppa frå ungdomskuleelevar til pensjonistar.

"Full pakke" vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom Fjorden arena, Frivilligsentralen, flyktningetenesta og kultureininga i Fusa kommune.

Tysdagsope i Fjorden arena

Fjorden arena satsar på open kveld kvar tysdag klokka 18-20. Då er det rom for fleire aktivitetar i bygget til same tid. Og akkurat den aktiviteten du ønskjer kan bli gjennomført. For eksempel gaming, datakurs, bordtennis, badminton, strikkekveld, bok-/lesekveld, rc-bilar, bingo, sjakklubb, dansekurs, modellfly...

Nokre aktivitetar kan vera organiserte, kanskje med innleigd kurshaldar? Det kan vera fritt fram eller med påmelding. Andre aktivitetar kan de som brukar Fjorden arena arrangera sjølve.

Sal 1 vil vera open for aktivitet klokka 17-18 for ungdomskuletrinnet og oppover. Der kan de ha ulike aktivitetar som badminton, volleyball, handball, innebandy osv.

Velkommen til full pakke i Fjorden arena tysdagar! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.09.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30