Ung opning
Ordføraren måtte melda avbod til opningsdagen, men opningsseremonien vart ikkje mindre høgtidleg av den grunn. Gard Mathias Helland var den første som kom og stilte seg i kø, og han tok på seg oppdraget. Det utførte han med glans: Han erklærte symjehallen høgtidleg for opna og klipte snora med stort alvor.
Takk for hjelpa
Kulturleiar Erik Vangsnes ønskte ny badevakt og reinhaldar Raul Jesus velkommen og takka både han og kona Maria Syrstad for iherdig innsats for å få alt klart til opningsdagen. Blom vanka det også til kulturkontoret sin trufaste medhjelpar Johanna Ljones, som diska opp med frukt, kjekskanapear og drikke til badegjestane.
Godord
Mange har venta lenge på at bassenget i Eikelandsosen skulle opna att, og den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Bassenget vart fort fullt av ivrige badeglade barn og vaksne, og det var mykje vellæte å høyra. Det er blitt lyst og fint, både akustikk og inneklima er betre, og det var populært med plaskebassenget for dei minste på bassengkanten. Ein rampe med rekkverk lettar tilgangen til bassenget.
Opningstider
Tysdag og torsdag: 17.00-21.30
Fredag: 14.00-15.30 - med instruksjon i vassgymnastikk
Laurdag: 12.00-15.00