Aktuelt frå kommunen

Frivilligseminar og "kick-off" torsdag 6. april

Even Lygre  (UKM, Hordaland) - Klikk for stort bilete

Fusa kommune inviterer til Frivilligseminar og "kick-off" for arbeidet med ny kulturplan torsdag 6. april kl 17-21 i Kommunetunet, Eikelandsosen. Sjå plakat (PDF, 4 MB). Du får m.a. presentert resultata frå den store organisasjonsundersøkinga i 2016. Møte er ope for alle interesserte og engasjerte fusingar!

Seminaret markerer oppstarten av arbeidet med Fusa sin første kulturplan. Ordførar Atle Kvåle ønskjer velkomen til seminar kl 17.30. Det er tilbod om eit enkelt middagsmåltid frå kl 17.00.

Organisasjonsundersøkinga 2016

Lise Corwin frå Frivillighet Norge presenterer resultat frå organisasjonsundersøkinga i Fusa, som vart gjennomført i 2016, med svar frå 53 lokale organisasjonar.

I neste bolk i programmet informerer prosjektleiar for kulturplanen Erik Vangsnes om status for planarbeidet, som skal vera ferdig våren 2018.

Kva vil vi med 3. sektor?

Mot slutten av kvelden vert det eit gruppearbeid med tema frivilligpolitikk, der vi håper å få klare tilbakemeldingar frå det frivillige Fusa og ein god dialog. Kva rolle skal Fusa kommune ha inn mot 3. sektor? Kva kan frivillige bidra med i utviklinga av lokalmiljøet?

Seminaret er ope for alle interesserte; både lokalpolitikarar, tillitsvalde i lagslivet og engasjerte fusingar i alle aldrar.

Seminaret er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Fusa frivilligsentral.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.04.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30