Fusa frivilligsentral markerte FN sin dag for frivillig arbeid 5. desember med ein stor frivilligfest i Eikelandsfjorden samfunnhus. Kor(t)pusten song og Eikelandsfjorden musikklag spelte, medan Toril Hjartåker Hauge hadde festtalen.
11 heidersbrev
Alle dei 11 nominerte til frivilligprisen vart presenterte og fekk utdelt eit heidersbrev og ei raud rose som takk for sitt frivillige arbeid.
Desse vart heidra av styret i frivilligsentralen: Ragnhild Bjørke for sitt arbeid med seniordansen, Martine Durban Jahr for sitt engasjement for bibliotektenester til barn og unge, Gudrun Skåtun for sitt sosiale engasjement, Irene Nordtveit og Mildrid Aarvik for arbeidet med barnekoret Songbuketten, Hans M. Vindenes for arbeidet som "bygdevaktmeister" på Vinnes, André Bjørndal for m.a. arbeidet med Hålandsdal idrettslag og som FAU-leiar på ungdomsskulen, Merete Midtrød og Janne Samnøen for arbeidet med Tine-fotballskule, Tove Hjartnes Fosså for arbeidet med Eikelandsosen skulemusikklag, Marta Marie Bakke for sitt sosiale engasjement i nærmiljøet.
Styret i Fusa frivilligsentral uttrykte glede over at kandidatane til frivilligprisen var i ulike aldrar, kom frå ulike bygder i Fusa og har ulik ståstad i det frivillige arbeidet. Dette er spennande og det viser mangfaldet i det frivillige arbeidet i Fusa, heitter det i ein uttale frå frivilligsentralen.
Stort sosialt engasjement
Den som i tillegg til heidersbrev også fekk den gjeve frivilligprisen for 2016, var Gudrun Skåtun. I grunngjevinga frå forslagsstillaren heitte det: Gudrun har eit "stort sosialt engasjement, ser kvar enkelt og gjerne den som er litt åleine. Ho verner om menneskeverdet og deira verdighet. Ho tek ofte med seg i bilen personar til kyrkje, butikk, lege. Ho har eit blikk som varmar og går inn i hjarta. I heile sitt vaksne liv har ho arbeidd som helsesøster i Fusa, og eg har alltid tenkt på Gudrun som diakon. Ho har vore støttekontakt og besøksven gjennom fleire år. Ho gir av seg sjølv og er ein sann venn for så mange den dag i dag i ein alder av 85."
Fusa kommune gratulerer både mottakarane av heidersbrev og Gudrun Skåtun for ein velfortent Frivilligpris 2016.